Veganeset Camping er ein familiedreven campingplass som ligg flott til rett ved Sognefjorden i Balestrand kommune ved fylkesveg 55 og riksveg 13 (nasjonal turistveg) nær Dragsvik Ferjekai, 9 km frå kommunesenteret Balestrand.
Campingplassen er delt opp i naturleg avgrensa områder, med plassar for bubilar, campingvogner og telt. (NB! Ikkje telt i 2020 grunna Korona)
Straumuttak for campingvogner og bubilar.
5 hytter med god standard, innlagt vatn, toalett og dusj samt 2 campinghytter utan vatn. (Hyttene utan vatn er stengt i 2020 grunna Koronaviruset.)
Veganeset Camping er eit godt utgangspunkt for dagsturar med bil langs dei nemnde vegane og har umiddelbar nærleik til turløyper på Dragsvik og i Balestrand.
Vi ønskjer deg velkommen til Balestrand og Veganeset Camping