Djuvik Camping

Djuvik Camping

Djuvik Camping har 22 campinghytter av ulik standard og storleik. Vi har også telt-, caravan-, og bubilplassar med mogelegheit for straumtilkopling. Sanitæranlegg med god standard, og eige handikap-rom. Båt-utleige og båthamn for småbåtar.

I tillegg til gode fiske og badetilhøve i Sognefjorden, er det eit fint utgangspunkt for fotturar i skog og fjellområde.
Du kan og nytta deg av dagsturar med båt på Sognefjorden til Fjærland, der kan du vitja Norsk Bremuseum, eller til Flåm og Bergen. I Vik finn ein Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje frå ca. år 1100. Deler av Vikøyri er som ein ”landsby” med eldre freda bygningar i sentrum. I Vik sentrum er også det einaste gamalostysteriet i landet. Laksefiske i Vika-elva 5 km i frå plassen.

Velkommen til spennande naturopplevingar hjå oss.

Steder i nærheten: