Vi ligg idyllisk til ved inngangsporten til noko av det flottaste Noreg har å by på. Sunnmørsalpane er vide kjent sjølv utanfor landegrensene og skaper ei utruleg vakker kulisse for ein del av bygde-Noreg som berre må opplevast.
Ørsta er eit eldorado for fjellfolk og naturelskarar. Her kan du finne mange kjekke aktivitetar både sommar og vinter.
Det er ikkje slik at ein må vere ein fjellvant person for å trivast, for området har mange moglegheiter for dei som ønskjer litt rolegare dagar eller andre typar aktivitetar og attraksjonar.